H
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
H er den åttande bokstaven i det latinske alfabetet og den sjuande i det greske alfabetet (H, η), der han vart overteken frå fønikisk skrift. Etruskarane og romarane overtok bokstaven med namnet ha. I dei nordiske språka utvikla namnet seg lydrett til hå på 1200-talet. I den eldre runeskrifta er bokstaven den niande og i den yngre runeskrifta det sjuande teiknet.
H er ein såkalla pustelyd. I visse språk vert h uttalt sterkare, som ein x-lyd, til dømes i finsk. H som framlyd kan falla vekk i nokre målføre, noko som blir kalla halvemål. Enkelte språk, til dømes fransk og italiensk, har ikkje h som språklyd, men nyttar han som skriftteikn. I engelsk er h stum i framlyd av nokre ord av fransk opphav, til dømes honour og hour. I tysk er han stum inne i og slutten av ord etter vokal, der han tener til å forlenge vokalen, til dømes Hahn og Reh. Herfrå stammar bruken i personnamn, som Dahl. I dansk, norsk og svensk er h føre j og v stum. På islandsk vert hn, hr, og hl uttalt som ein ustemt n, r og l.
Ein kan framstilla bokstaven som ⠓ i brailleskrift og som «DitDitDitDit», · · · ·, i morsealfabetet. I det internasjonale NATO-alfabetet blir H markert med ordet «Hotel». For å sikra forståing også med dei som ikkje uttaler H, er H-en i ordet offisielt stum.
Bruk
endreVitskap
endre- H kan stå for SI-eininga henry, eininga for sjølvinduktans.
- h kan stå for SI-prefikset hekto. Skrive føre eit einingssymbol tyder h at eininga skal multipliserast med hundre.
- h er symbol for Plancks konstant: h = 6,63 x 10-34 Js, som inngår i all kvantefysikk. Symbolet ℏ (h-strek) syner til Plancks konstant dividert med 2π.
- H (i kursiv) er i termodynamikk symbol for entalpi.
- H (i kursiv) er i elektromagnetisme symbol for magnetisk feltstyrke.
- h er internasjonalt symbol for time.
- Innan kjemi er H symbolet for hydrogen.
- Innan biokjemi er H symbol for histidin
Samfunn
endreMusikk
endreI det tyske notesystemet er tonen H heiltonen etter A. Han svarer til nota B i det engelske systemet.
Kjelder
endre«H – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.