Xbox Series X og Series S

Xbox Series X og Xbox Series S (samlenemning Xbox Series X/S) er ein serie av spelkonsollar utvikla av Microsoft. Dei vart begge lansert den 10. november 2020 som oppfølgjarar til Xbox One og fjerde generasjon i Xbox-familien.

Xbox Series X
Xbox Series SXbox Series X 2.jpg
Xbox Series X-konsoll med handkontroll
ProdusentMicrosoft
TypeSpelkonsoll
Generasjonniande
Lansering10. november 2020
MediumSeries X: UHD Blu-ray, Blu-ray,
DVD, digital distribusjon
Series S: Digital distribusjon
ForgjengarXbox One

Rykte om konsollane byrja å oppstå tidleg i 2019, der produktserien som heile gjekk under kodenamnet «Scarlett».[1] Internt skal Microsoft ha vore nøgd med tilnærminga med to konsollversjonar som for Xbox One-serien, og planla ein liknande strategi med fjerde generasjon Xbox. Den mest kostbare modellen vart avduka som Xbox Series X under The Game Awards i desember 2019. I september 2020 vart den billegare Xbox Series S avduka.[2]

Xbox Series X har kraftigare maskinvare og støttar høgare oppløysningar (opp til 8K-oppløysning), høgare biletfrekvensar og strålesporing (ray tracing). Konsollen har også ein solid-state drive (SSD) for å redusere lastetider. Den billegare Xbox Series S bruker same CPU, men har ein mindre kraftig GPU, mindre minne og intern lagring, og manglar ein optisk diskstasjon. Begge konsollane er bakoverkompatible med fleire titlar utgjevne for tidlegare Xbox-konsollar, kontrollar og tilbehøyr. Som del av eit program Microsoft kallar «Smart Delivery», vil fleire spel frå tidlegare generasjonar få oppdatert grafikk på Series X/S utan ekstra kostnad. Konsollene er også kompatible med abonnementtenesta Xbox Game Pass, i tillegg til plattforma Xbox Game Pass cloud gaming for strøyming av spel over internettet.[3]

Kjelderendre

  1. «Microsoft details next-gen console, Project Scarlett». Eurogamer. 11. juni 2019. Henta 15. desember 2020. 
  2. «Microsoft avduket Xbox Series S etter stor lekkasje». Gamer.no. 8. september 2020. Henta 15. desember 2020. 
  3. «Her er forskjellene på Xbox Series X og Xbox Series S». Gamer.no. 9. september 2020. Henta 15. desember 2020. 

Bakgrunnsstoffendre