Uruguay

Land i Sør-Amerika

República Oriental del Uruguay

(norsk: Uruguay, uruguayansk)

Det uruguayanske flaggetDet uruguayanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Orientales, la Patria o la tumba»
Mottospansk: Libertad o Muerte (Fridom eller død)
Geografisk plassering av Uruguay
Offisielle språkSpansk
HovudstadMontevideo
Styresett
Republikk
Tabaré Vázquez
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
176 215 km² (90.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 360 148 (132.)
19,1 /km² (163.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Brasil
25. august 1825
28. august 1828
Nasjonaldag25. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
72 360 mill. USD (93.)
22 800 USD (61.)
ValutaUruguaisk peso
TidssoneUTC -3
Telefonkode+598
Toppnivådomene.uy


Uruguay, offisielt Republikken aust for Uruguay (spansk República Oriental del Uruguay), er ein republikk i den sørlege kjegla av Sør-Amerika, og grensar til Brasil i nord og Argentina i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør og søraust. Landet er det nest-minste landet i Sør-Amerika og er eit av dei mest politisk og økonomisk stabile. Det har kring 3,4 millionar innbyggjarar, og eit areal på 176 220 km². Hovudstaden i landet og den største bye er Montevideo, som med forstader og kringliggande område på sørvestkysten av landet huser to tredelar av folkesetnaden i landet. Spansk er de facto språk i landet.

Uruguay er eit demokrati organisert som ein einingsstatleg presidentiell republikk. Uruguay er ein einingsstat, med to administrative nivå under staten: departement (departamentos) og kommunar (municipios). Landet var ein del av det spanske koloniriket fram til 1821, då Brasil annekterte landet. Uruguay blei sjølvstendig i 1828. Uruguay er rangert som nr. 1 blant dei latinamerikanske landa i livskvalitet, demokrati-indeksen, mangel på korrupsjon, fredsindeks, pressefridom og e-regjering.[1][2] Uruguay er òg blitt rangert som det tredje beste landet i Latin-Amerika når det gjeld menneskeleg utvikling.[3]

Uruguay er ein betydeleg bidragsytar i Dei sameinte nasjonane (SN), og har delteke med soldatar i fleire utanlandsoperasjoner med mandat frå SN. Uruguay er blant statane som har vore med frå grunnlegginga av SN, Mercosur, ALADI, Organisasjonen av amerikanske statar (OAS), Verdshandelsorganisasjonen og Den søramerikanske unionen.

Namnendre

Namnet Uruguay kan setjast saman av dei tupianske orda uru, som tyder fugl, og guay, som tyder hale, som òg er namnet på ei fugleart som var svært vanleg i landet.

I kolonitida var området kjend som Banda Oriental del Uruguay, det vil seia austbreidda av elva Uruguay. Det offisielle spanske namnet på republikken er República Oriental del Uruguay og tyder 'Republikken austom Uruguay'.[4][5][6]

Geografiendre

Heile den sørlege delen av Uruguay består av lågland. Innlandet består for det meste av småkupert bakkeland som ligg 200–300 meter over havet. Den høgaste toppen ligg 540 meter over havet. Det meste av landet er dekt av grassletter, sokalla pampas. Langs elvebreiddene veks spreidd skog, og i dei sørlegaste områda finst somme område med savanne.[5][7]

Klimaendre

Uruguay har eit mildt, fuktig, subtropisk klima med nedbør i alle årstidene. Den kaldaste månaden er juli, med ein snittemperatur på 10–13 °C, medan den varmaste er januar, med ein snittemperatur på 22–25 °C. Årsnedbøren varierer mellom 900 og 1 300 millimeter. Framstøyt av kald luft frå sørvest (pamperos) kan stundom gje kraftige byer og sterke temperaturfall.

Historieendre

Portugisisk kolonimur i Colonia del Sacramento, i sørvestlege Uruguay
Trettitre frigjerarar (Treinta y Tres Orientales)

Koloniseringendre

Spanjolane var dei første europearane som kom til området som i dag heiter Uruguay i 1516. Urfolka som budde der frå før motsette seg spansk erobring, og sidan det var lite gull og sølv å finna i området, hadde spanjolane avgrensa interesse for området på 1500- og 1600-talet. Uruguay var midtpunktet for ei rekkje stridar mellom det spanske og det portugisiske imperiet. I 1603 byrja spanjolane å innføra storfe til området, og dette blei ei kjelde til rikdom i regionen.

Byen Montevideo blei grunnlagd av spanjolane på byrjinga av det 1700-talet som ei militær festning som skulle hindra inntrengarar og fiendar frå å koma til området. I 1806 og 1807 freista den britiske hæren å ta kontroll over Buenos Aires og Montevideo som ein del av Napoleonskrigane. Som eit resultat av dette blei Montevideo okkupert av britiske soldatar frå februar til september 1807. I 1811 lanserte José Gervasio Artigas, som er rekna som nasjonalhelt i Uruguay, ein vellukka revolusjon mot dei spanske styresmaktene. Han sigra over dei spanske styrkane 18. mai 1811 i slaga ved Las Piedras. I 1816 blei området angripe frå Portugal, som invaderte Banda Oriental frå Brasil, og dei tok kontroll over Montevideo i januar 1817. Uruguay blei verande del av det spanske koloniriket fram til 1821, då Brasil annekterte landet. Uruguay fekk sjølvstende i 1828.

Sjølvstendekrig (1811-1830)endre

I andre halvdel av 1800-talet var det mykje innvandring til Uruguay. Fleirtalet av innvandrarane kom frå Italia og Spania. Mellom 1860 og 1868 auka talet på sauer i landet frå tre millionar til sytten millionar. Hovudgrunnen til denne auken låg framfor alt i dei forbetra metodane for husdyrhald som blei introduserte av dei mange europeiske innvandrarane. Montevideo blei eit økonomisk sentrum i området. På grunn av den store hamna i Montevideo blei byen brukt som base for handel mellom Uruguay og naboland som Argentina, Brasil og Paraguay.

1900-taletendre

Julio María Sanguinetti (1985-1990 og 1995-2000) var den første presidenten i moderne demokrati (1985-)

Rundt 1900 var barnedøydelegheten i Uruguay blant dei lågaste i verda, noko som indikerer ein særs sunn folkesetnad på denne tida. Dette talet har seinare stige ein del.

Under første verdskrigen tok Uruguay parti mot Tyskland og braut alle diplomatiske samband med landet. Uruguay spelte inga stor rolle i kamphandlingar på noko tidspunkt under denne krigen. I 1930 blei Uruguay valt som vertsland for det aller første fotball-VM. Sjølv om dette arrangementet var mykje mindre den gongen enn konkurransane som er blitt haldne seinare, førte arrangementet til ein enorm nasjonal stoltheit då heimelaga vann turneringa over nabolandet Argentina.

Slaget ved Río de la Plata var det første større sjøslaget under den andre verdskrigen og fann stad utanfor kysten av Argentina og Uruguay mellom britiske krigsskip og den tyske «Admiral Graf Spee». I kampen blei det britiske skipet HMS «Exeter» alvorleg skadd og måtte trekkja seg vekk frå kampen, medan to andre britiske skip fekk mindre skadar. Den tyske kapteinen Hans Langsdorff, som styrte skipet, valde å senka «Admiral Graf Spee» i staden for å segla ut av hamna i Montevideo og møta det han feilaktig trudde var ein fullt overlegen alliert styrke. Få dagar seinare utførte kapteinen sjølvmord i Buenos Aires.

På slutten av 1950-talet, delvis på grunn av ein nedgang i etterspurnaden etter landbruksprodukt på verdsmarknaden, byrja Uruguay å få store økonomiske problem med inflasjon og veksande arbeidsløyse, og folkesetnaden fekk ein bratt nedgang i levestandarden. Dette førte til store militante grupperingar som Tupamaros-geriljaen og uro blant arbeidarar og studentar. Tupamaros-geriljaen blei grunnlagd på byrjinga av 1960-talet; og rante først bankar og butikkar for så å distribuera mat og pengar i fattige nabolag. Deretter byrja dei med politiske kidnappingar, attentat og angrep på militæret og tryggleiksstyrkar.

Den dåverande presidenten i Uruguay, Jorge Pacheco Areco, erklærte unntakstilstand i 1968. Dette blei følgd av vidare svekking av borgarrettane i 1972 av etterfølgjaren hans, president Juan María Bordaberry. President Juan Bordaberry gav hæren ordre pm å kjempa mot Tupamaros-geriljaen som lenge var leia av Raúl Sendic. Etter å i stor grad ha overvunne Tupamaros-geriljaen, greip dei militære makta i Uruguay i 1973. Tortur og terror mot eigne borgarar var utbreidd praksis under det uruguayanske diktaturet på 1980-talet.

Uruguay hadde på eit tidspunkt den høgaste mengda politiske fangar per innbyggjar i heile verda. Bordaberry blei fjerna som president i 1976, raskt etterfølgd av eit nytt formannskap av militære leiarar. I 1984 braut det ut massive protestar mot militærdiktaturet. Etter ein generalstreik på 24 timar byrja forhandlingar, og dei væpna styrkane kunngjorde ein plan for å innføra eit sivilt demokratisk styre i landet. Nøyaktig kor mange sivile som blei drepne under det tolv år lange militærstyret i Uruguay mellom 1973 og 1985 er ikkje gjort offentleg kjent. Ei stor mengd av dei drepne er aldri blitt funne igjen.

Nye økonomiske reformer som blei innførte, med fokus på å få inn utanlandsk handel og kapital, fekk ein viss suksess og stabiliserte økonomien på 1970-og 1980-talet. Luis Alberto Lacalle vann presidentvalet i 1989 og sat ved makta fram til 1995. President Lacalle innførte blant anna store økonomiske strukturelle reformer, og var ein forkjemper for liberalisering av tidlegare handelsreformer. Til trass for større økonomisk vekst i løpet av presidentskapet til Lacalle, provoserte dei store justeringene det private næringslivet og den politiske opposisjonen, og nokre av reformene blei velta gjennom folkerøystingar.

2000-taletendre

José Mujica, ein tidlegare gerilja-krigar i Tupamaros, blei vald til president i Uruguay og innsett i embetet 1. mars 2010.

I 2012 legaliserte Uruguay abort[8] og likekjønna ekteskap.[9] I 2013 blei Uruguay det første landet i verda som legaliserte marihuana.[10]

I 2014 vart den sosialistiske kandidaten Tabaré Vázquez (2005-2010) vald til president for ein 5-års periode, frå 2015 til 2020.[11] I 2020 blei han etterfølgd av Luis Alberto Lacalle Pou.

Folkesetnadendre

Folketalet i Uruguay var 3 286 314 i 2011, med ein årleg folkevekst på 0,8 % frå 1994 til 1999. Gjennomsnittleg levealder er 79,2 år for kvinner og 72,7 år for menn (1999). Det er tettast folkesetnad kring Montevideo.[12][13]

I 1995 kunne 97,3 % av folkesetnaden over 15 år lesa og skriva. 90 % av folkesetnaden er av europeisk, mest av spansk og italiensk herkomst.

Som eit spanskspråkleg land i Latin-Amerika, har dei fleste uruguayarar ein spansk-kulturell bakgrunn, sjølv om om lag ein fjerdedel av befolkninga har italiensk bakgrunn. Rundt 88 % av befolkninga har hovudsakleg europeisk bakgrunn medan mestisar (8 %) og mørkhuda (4 %) er dei største etniske minoritetane.

Av religiøs tilknyting er 66 % rekna som katolikkar, 2 % som protestantar (2 %) og 1 % som jødar. 31 % er noko anna. Kyrkje og stat er offisielt fråskilde.

Største busetnaderendre

Montevideo.
Salto by
Ciudad de la Costa i Canelones

Uruguay er i dag eit urbant land, der nærare 80 % av folkesetnaden i Uruguay bur i tettstader.[14]

TettstadFolkemengdAreal, km²
Montevideo1 304 687209
Salto104 011-
Ciudad dei la Costa95 176
Paysandú76 412
Las Piedras72 258
Rivera64 465
Maldonado62 590
Tacuarembó54 755
Melo51 830
Mercedes41 974
Artigas40 657
Minas38 446
San José de Mayo36 743
Durazno34 368
Florida33 639
Barros Blancos31 650
Ciudad del Plata31 145
San Carlos27 471
Colonia del Sacramento26 231
Pando25 947

Politikk og administrasjonendre

Administrativ inndelingendre

Uruguay er delt inn i 19 departement (spansk departamentos), som fungerer som dei nest øvste forvaltingseiningane i landet.[15]

Administrativ inndeling
Politiske karta med departement
DepartementHovudstadAreal (km²)Folkesetnad (2011)
Artigas Artigas11 928 km²073 378
Canelones Canelones4 536 km²0520 187
Cerro Largo Melo13 648 km²084 698
Colonia Colonia del Sacramento6 106 km²0123 203
Durazno Durazno11 643 km²057 088
Flores Trinidad5 144 km²025 050
Florida Florida10 417 km²067 048
Lavalleja Minas10 016 km²058 815
Maldonado Maldonado4 793 km²0164 300
Montevideo Montevideo530 km²01 319 108
Paysandú Paysandú13 922 km²0113 124
Río Negro Fray Bentos9 282 km²054 765
Rivera Rivera9 370 km²0103 493
Rocha Rocha10 551 km²068 088
Salto Salto14 163 km²0124 878
San José San José de Mayo4 992 km²0108 309
Soriano Mercedes9 008 km²082 595
Tacuarembó Tacuarembó15 438 km²090 053
Treinta y Vert trede Treinta y Vert trede9 529 km²048 134
Total¹175 016 km²03 286 314

Rettsvesenendre

Palacio Legislativo i Montevideo

Som førsteinstansrett fungerer ein fredsdommar i kvar av dei 224 lokale domsområda. Vidare er det separate sivil- og strafferettslege domstolar, ungdomsdomstolar og arbeidsrettar.

Hovudstaden til kvart departement, og dessutan nokre andre byar, har ein eige departementsdomstol. Det er sju apellrettar, alle med tre dommarar. Den øvste justisdomstolen er den høgaste allmenne domstolen. Han har original jurisdiksjon i blant anna forfatningsrettslige saker, og høyrer elles appellar frå appelldomstolane. Han har fem dommarar, alle er valde for ti år av kongressen. Ein eigen valkomite presenterer ei liste over kandidatar kongressen kan vurdera.

Dommarane til den øvste justisdomstolen utpeikar dommarar til appellrettane, senatet må godkjenna alle vala. Det er eigne forvaltningsdomstolar, med den øvste administrative domstolen som sisteinstans. Det er òg ein eigen valdomstol.

I 1980 blei det innført tilgang på fri advokathjelp for dei som ikkje kunne betala for advokattenester sjølv.

Næringslivendre

I Uruguay var det 3004 km med jernbanespor i 1993. Den totale lengda til vegnettet var på 52 000 km, av dette var 23 % er asfaltert. Handelsflåten består av 88 skip. Det finst ein flyplass i landet med regulær trafikk.

Næringslivet består hovudsakleg av jordbruk med stort husdyrhald i tillegg til ein del fiske. Det blir dyrka korn, mais, ris, linfrø, tobakk og sitrusfrukt.

Viktige eksportvarer er levande dyr og matvarer, tekstilar, klede, gummivarer og plastvarer. Viktige importvarer er petroleum, maskinar, transportutstyr, kjemikaliar, metall og metallvarer. Viktige handelspartnarar er Brasil, Argentina, USA og Tyskland.

Kulturendre

Uruguayansk kultur blandar søreuropeiske (spansk og italiensk), afrikanske og søramerikanske element. Gaucho er ein viktig del av folklore i både Uruguay og Argentina.

Språkendre

Spansk (Español rioplatense eller «Rioplatense-spansk») er det offisielle (de facto) språket i Uruguay. Uruguayanske spansk er påverka av italiensk på grunn av tidleg innvandring på 1900-talet. Det har nokre lydar og ord henta frå italiensk. Spansken ein talar i Uruguay er lik spansken ein talar i Buenos Aires i Argentina. Det er berre små skilnader mellom argentinsk spansk og uruguayansk spansk. Begge variantane brukar voseo og yeísmo. Det er mange skilnader mellom uruguayansk spansk og spansk som blir tala i Spania.

Portugisisk er det andre språket i landet og blir undervist i på skulen. Ei blanding av spansk og portugisisk (portuñol riverense eller misturado) blir tala i nord, aust og nordaust, nær grensa til Brasil.[16][17]

Engelsk er obligatorisk i vidaregåande skular. Fransk og italiensk er òg viktige språk.

Religionendre

Uruguay har ingen offisiell religion; kyrkje og stat er offisielt skilde. Religionsfridom er garantert.[18] Uruguay blei ein sekulær stat i 1903 etter reformer av president José Batlle y Ordóñez (1903-1911). Skilsmisse blei legalisert i 1907 og religion blei forbode i offentlege skular i 1909. Det blei innført eit fullstendig skilje mellom kyrkje og stat i 1917.

Senatet i Uruguay legaliserte likekjønna ekteskap den 12. desember 2012.[9] Abort blei lovleg same året.[8]

Per 1. januar 2011 var 45,3 % av folkesetnaden medlemmar i den katolske kyrkja. Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 10 %. 14 % av folkesetnaden er ateistar eller agnostikarar, 0,6 % er umbandar og 0,4 % er jødar.

Kjelderendre

  1. Uruguay 2013 Arkivert 2021-02-10 ved Wayback Machine. (engelsk)
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 11. august 2014. Henta 28. august 2014.  (engelsk)
  3. UNDP HDI Uruguay (engelsk)], 11. januar 2015
  4. Uruguay Arkivert 2007-06-12 ved Wayback Machine. i The World Factbook (Central Intelligence Agency) (engelsk)
  5. 5,0 5,1 Uruguay i Encyclopædia Britannica (engelsk)
  6. «Presentan tesis del nombre Uruguay». El País (på spansk). Arkivert frå originalen 1. januar 2010. 
  7. Country Studies: Uruguay (engelsk)
  8. 8,0 8,1 BBC: Americas: Uruguay (engelsk)
  9. 9,0 9,1 Same-sex marriage bill comes into force in Uruguay (engelsk)
  10. http://www.huffingtonpost.com/news/uruguay-marijuana-legalization
  11. El País (Spania): "El izquierdista Tabaré Vázquez será el sucesor de Mujica en Uruguay", 30. november 2014 (spansk)
  12. Atlas Socialdemográfico de Uruguay (INE) Arkivert 2014-02-09 ved Wayback Machine. (spansk)
  13. BBC: World Latin America (engelsk)
  14. Byar i Uruguay i citypopulation.de
  15. Befolkning (INE 2011) Arkivert 2012-01-12 ved Wayback Machine. (spansk)
  16. Governo uruguaio torna obrigatório ensino do português. bahiaemfoco.com (5. november 2007) (portugisisk)
  17. O dialeto fronteiriço do Uruguai: origens, investigações e oportunidades Arkivert 2016-02-27 ved Wayback Machine. Espaço acadêmico (portugisisk)
  18. US Bureau for Western Hemisphere Affairs: Uruguay, country profile (engelsk)

Bakgrunnsstoffendre

Commons har multimedium som gjeld: Uruguay