Synthpop

Synthpop eller synth-pop er ein undersjanger av new wave-musikk[1][4] som fyrst blei utbreidd på slutten av 1970-talet og har synthesizer som hovudinstrument. Før det blei ein eigen sjanger brukte ein synthesizerar på 1960- og byrjinga av 1970-talet i progressiv rock, elektronisk musikk, kunstrock, disco og særleg krautrocken til grupper som Kraftwerk. Han blei ein tydeleg eigen sjaner i Japan og Storbritannia i post-punk-tida som del av new wave-rørsla frå slutten av 1970-talet til midten av 1980-talet.

I tillegg til synthesizer er òg bruk av trommemaskin og sequencer vanleg, og desse er dei dominerande instrumenta. Synthpop bløma på 1980-talet, då desse instrumenta byrja å bli meir tilgjengelege, og blei gjort kjend gjennom artistar som A-ha, Ultravox, Depeche Mode, The Human League og Madonna.

Kjelderendre

  1. 1,0 1,1 Synth PopAllmusic
  2. Fisher, Mark (2010). «You Remind Me of Gold: Dialogue with Simon Reynolds». Kaleidoscope (9). 
  3. Glenn Appell; David Hemphill (2006). American popular music: a multicultural history. Belmont, CA: Thomson Wadsworth. s. 423. ISBN 978-0155062290. Henta 12 May 2012. «The 1980s brought the dawning age of the synthesizer in rock. Synth pop, a spare, synthesizer-based dance pop sound, was its first embodiment.» 
  4. Huang, Hao; Walser, Robert; DiMartino, Dave; Kaliss, Jeff; Weber, Michael (red.). «Lionel Bart». Music in the 20th Century 1. Routledge. s. 44. 
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.