Santamartalauvgranskar

Art av sporvefuglar

Santamartalauvgranskar
Santamartalauvgranskar
Santamartalauvgranskar
Utbreiing
Utbreiinga av Santamartalauvgranskar
Utbreiinga av Santamartalauvgranskar
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:Sporvefuglar Passeriformes
Familie:Omnfuglar Furnariidae
Slekt:Automolus
Art:Santamartalauvgranskar A. rufipectus
Vitskapleg namn
Automolus rufipectus
Bangs, 1898

Santamartalauvgranskar (Clibanornis rufipectus) er ein fugl i omnfuglfamilien og er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildringendre

Santamartalauvgranskar er ein mellomstor, raudbrun omnfugl, ca. 17 til 20 centimeter lang[1] og med kroppsvekt på rundt 30 gram.[2] Strupen er kanelfarga oransje, stjerten er nøttebrun, medan resten av fjørdrakta er generelt raudbrun med få distinkte kjenneteikn. Nebbet er lyst grått.

Han lever i dei nordlege og nordvestlege skråningane av Sierra Nevada de Santa Marta. Her har han habitat i generelt fuktig subtropisk opphavleg skog og i gjenvaksen skog med tett undervegetasjon. Han varierer i høgdnivå frå nesten tørr krattskog 700 moh. til den mest fuktige skogen på 2100 moh.[1]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande.[1]

Kjelderendre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2015)
  2. Remsen, J.V., Jr (2003)

Bakgrunnsstoffendre