Nazisme

Nazisme er kortforma for ordet «nasjonalsosialisme», som er nemninga dei tyske fascistane bruka om seg sjølve. Nazisme som ideologi byggjer blant anna på sosialdarwinisme og ei viss tolking av tankar frå den tyske filosofen Friedrich Nietzsche. Det tyske fascistpartiet kalla seg det «Nasjonalsosialistiske Tyske Arbeidarpartiet», NSDAP, og føraren deira var Adolf Hitler.

Det nazistiske flagget til Tyskland med hakekrossen

Ideologiendre

Den sentrale idéen i nazismen er idéen om den etnisk «reine» nasjonalstaten, som må vere sterkast mogleg fordi verda er alle sin kamp mot alle, der dei svake folkeslaga bukkar under. Frå dette avleidde nazistane kva dei var imot:

1. Nazismen var tilsynelatande anti-kapitalistisk, og han var anti-liberal, anti-sosialistisk og anti-kommunistisk. Nazistane var særleg imot dei sosialistiske og kommunistiske partia, og mot ei fagrørsle dominert av desse, fordi nazistane meinte klassekampen kløyver nasjonen og gjer han svakare, og fordi nazistane hata internasjonalismen til venstresida.

2. Nazismen var anti-parlamentarisk. Parlamentarismen føreset fleire parti som kjempar mot kvarandre, og dei meinte han førte til tomt prat, korrupsjon, og svekking av nasjonen.

3. Nazismen var anti-liberal. Idéen om menneskerettane var ifølgje nazistane unaturleg, fordi ulikskap er naturleg, og dei svake må bukke under for at verda skal gå framover.

4. Nazismen var anti-semittisk. Jødane var den største etniske minoriteten i mange land i Europa, og nazistane utnytta og forsterka den rasismen mot jødane som alt fanst i store delar av folket elles. Nazistane var òg rasistisk innstilte overfor andre folkeslag, som sigøynarar, afrikanarar og slaviske folk.

Nazistane prata svært negativt om «jødekapitalen», og var tilsynelatande imot kapitalismen, som likevel vart bevart i samarbeid med leiarane for storkapitalen da nazistane tok makta. Dei prøvde å spele på vanlege folk sine kjensler, frykt og fordommar. Dei kalla seg nasjonalsosialistar fordi sosialismen som idé stod sterkt i Tyskland på den tida, men var sterkt imot «jødebolsjevismen» og «marxismen» på venstresida. Nazistane ville ha ein sterk velferdsstat, men berre for åndsfriske og politisk lojale menneske av «herrefolket». Dei innførte premiering for fødslar av «rasereine» barn.

Nazismen var for ein statleg regulert marknad, og var såleis eit motstykke til liberalismen. Men hovudfiendane til nazistane var den sosialistiske arbeidarrørsla og kommunistane. Fagforeiningane vart forbodne. Arbeidsgivarane fekk full råderett over bedriftene.

Praksisendre

Nazismen fekk mykje større konsekvensar enn italiensk fascisme av to grunnar. For det første fordi nazismen knytte ekstremutgåva av fascismen saman med det militære potensialet i ei industriell stormakt, og sette i gang andre verdskrigen i Europa. For det andre fordi rasismen i nazismen vart ført ut i sin ytste konsekvens ved det eineståande forsøket på total fysisk utsletting av heile folkeslag, alle europeiske jødar og sigøynarar (romafolket).

NSDAP, skipa etter første verdskrigen, fekk gjennombrotet sitt i 1930, da verknadene av den internasjonale kapitalistiske krisa slo inn i Tyskland. Veljarane til dei fleste av dei borgarlege sentrums- og høgrepartia strøymde over til nazistane. Mektige krefter i næringsliv og media begynte å støtte dei. Ei viktig årsak til at mange høgremenneske støtta Adolf Hitler og nazismen, var fordi han var ein sterk motstandar av kommunismen som dei såg som ein stor trussel mot vestleg sivilisasjon. Framgangen heldt fram ved det første valet i 1932, men ved det andre valet seinhaustes same året, gjekk NSDAP sterkt tilbake. Kommunistane gjekk fram.

Da vart Hitler gjord til regjeringssjef i ei koalisjonsregjering med det tradisjonelle høgrepartiet, Dei tysknasjonale (DNVP). Dette skjedde i januar 1933. Det tok Hitler berre eit halvt år å innføre ein totalitær eittpartistat. Da hadde det borgarlege fleirtalet i riksdagen gitt han alle fullmakter, berre sosialdemokratane røysta imot. Kommunistane var allereie fritt vilt, no kom turen til sosialdemokratane. Mange av dei òg vart mishandla, drepne eller sperra inne i konsentrasjonsleirar utan lov og dom. Dei borgarlege partia oppløyste seg sjølve. Snart begynte den systematiske diskrimineringa av jødane. Etter berre seks år sette Hitler i gang storkrigen. Etter tolv år låg store delar av Europa i ruinar, også store delar av Tyskland sjølv. Og nazistane hadde nesten klart å utrydde to europeiske folkegrupper, jødane og romafolket, i det folkemordet som har vorte kjent som Holocaust.

Kjelderendre

Bakgrunnsstoffendre

  • F.L. Carsten: The Rise of Fascism
  • H.F. Dahl: Hva er fascisme?
  • Ugelvik/Larsen/Hagtvedt: Who Were The Fascists:Social Roots of European Fascism.