Musikkgruppa Gong

Gong er ei internasjonal progressiv rock-gruppe som nyttar element av jazz og space rock i musikkstilen sin.[3] Gruppa vart skipa i Paris i 1967 av den australske musikaren Daevid Allen og den engelske vokalisten Gilli Smyth. Bandmedlemmar har mellom andre vore Didier Malherbe, Pip Pyle, Steve Hillage, Mike Howlett, Pierre Moerlen, Bill Laswell og Theo Travis. Andre som har spelt med Gong på scenen er mellom andre Don Cherry,[4] Chris Cutler, Bill Bruford, Brian Davison, Dave Stewart og Tatsuya Yoshida.

Gong

Gong på scenen i Tel Aviv, 31. oktober 2009
(venstre til høgre) Steve Hillage, Gilli Smyth, Chris Taylor, Dave Sturt, Daevid Allen
OpphavParis i Frankrike
Aktiv1967-1968, 1969–1976, 1977, 1990, 1992–2001, 2003–2006, Sidan 2007
Sjanger
Tilknytte artistarDaevid Allen, Soft Machine, Pierre Moerlen's Gong, Steve Hillage, Here & Now
PlateselskapBYG Actuel, Virgin, Charly, Snapper

Debutalbumet til Gong, Magick Brother i 1970, hadde ein psykedelisk popstil.[5] Året etter gav dei ut Camembert Electrique med ei meir psykedelisk rock/space rock-stil, som dei kom til å bli mest assosiert med.[2] Mellom 1973 og 1974 gav Gong ut det mest kjende verket sitt, den allegoriske Radio Gnome Invisible-trilogien, som skildra eventyra til Zero the Hero, Good Witch Yoni og Pot Head Pixies frå planeten Gong.

I 1975 slutta Allen og Smyth i bandet, som heldt fram utan dei, og gav ut ei rekkje jazzrockalbum leia av trommeslagaren Pierre Moerlen. Denne inkarnasjonen vart etter kort tid kjend som Pierre Moerlen's Gong. Samstundes skipa Smyth Mother Gong, medan Allen sette i gang ei rekkje avleiarar, som Planet Gong, New York Gong og Gongmaison, før han kom attende for å leie Gong igjen i 1990 og fram til han døydde i 2015. Allen oppfordra bandet til å halde fram og dei gav ut albumet Rejoice! I'm Dead! i september 2016.[6]

Historieendre

Oversyn over besetningsendringar

Protogong (1967–68)endre

I september 1967 vart den australske songaren og gitaristen Daevid Allen, som då var medlem av det engelske psykedeliske rockebandet Soft Machine, nekta å få innreiseløyve til Storbritannia i tre år etter at visumet hans hadde gått ut under ein fransk turné.[7] Han slo seg ned i Paris, der han og partnaren, Gilli Smyth skipa den første utgåva av Gong (seinare av Allen kalla «Protogong»[8]) i lag med Ziska Baum på vokal og Loren Standlee på fløyte.[9] Men den tidlege utgåva fekk ein brå slutt i mai 1968 under studentopprøret i Frankrike, då Allen og Smyth måtte flykte frå landet då det kom ein arrestordre på dei. Dei drog då til Deià på Mallorca, der dei hadde budd ei tid i 1966.

Verkelege Gong kjem i gang (1969–71)endre

I august 1969 inviterte filmregissøren Jérôme Laperrousaz, ein nær ven av paret, dei attende til Frankrike for å spele inn musikken for ein film om eit motorsykkelløp han planla. Det vart ikkje noko av det på den tida, men dei vart så møtt av Jean Karakos frå det nyoppretta, sjølvstendige selskapet BYG Actuel med førespurnad om å spele inn eit album, og eit nytt, elektrisk Gong vart då skipa i Paris. Dei henta inn den første rytmeseksjonen sin med Christian Tritsch (bass) og Rachid Houari (trommer og perkusjon) og tok kontakt att med saksofonisten Didier Malherbe, som dei hadde møtt i Deià.[10] Tritsch vart ikkje klar i tide for innspelinga, så Allen spelte bass sjølv. Albumet, kalla Magick Brother, var ferdig i oktober.

Det nye Gong spelte den første konserten sin på BYG Actuel-festivalen i den vesle belgiske byen Amougies, den 27. oktober 1969, i lag med Danny Laloux på jakthorn og Dieter Gewissler og Gerry Fields på fiolin, og vart introdusert til scenen av ein forvirra konferansier, Frank Zappa.[11] Magick Brother kom ut i mars 1970 etterfølgd av singelen «Est-Ce Que Je Suis; Garçon Ou Fille?» med «Hip Hip Hypnotise Ya», som igjen hadde med Laloux og Gewissler.[12] I oktober flytta bandet inn i eit tomt 12 rom stort hus kalla Pavillon du Hay, nær Voisines og Sens, 120 km søraust for Paris. Dei hadde base der fram til tidleg i 1974.[13]

Houari slutta i bandet våren 1971 og vart erstatta av den engelske trommeslagaren Pip Pyle, som Allen hadde blitt introdusert for av Robert Wyatt under innspelinga av det første soloalbumet hans, Banana Moon. Den nye besetninga spelte inn eit filmmusikkalbum for ein film av Laperrousaz, no kalla Continental Circus, og spelte på den andre Glastonburyfestivalen, som seinare kom ut på Glastonbury Fayre.[14] Dei byrja så arbeidet på det neste studioalbumet deira, Camembert Electrique, som seinare vart av Allen vart kalla «det første verkelege bandalbumet».[15] Det etablerte ein progressiv spacerock-stil, som dei kom til å bli kjende for. Den hausten la dei ut på den første britiske turneen sin. Men mot slutten av året slutta Pyle i gruppa og vart erstatta av ein annan engelsk trommeslagar, Laurie Allan.[16]

Radio Gnome Invisible-trilogien (1972–74)endre

Gilli Smyth og Daevid Allen, Hyde Park, 1974
Steve Hillage, Hyde Park, 1974

I 1972 skjedde det fleire endringar i besetninga til Gong. Laurie Allan slutta i april og vart erstatta av Mac Poole, så Charles Hayward og så Rob Tait, før han kom attende igjen på slutten av året. Gilli Smyth var borte ei tid og drog attende til Deià for å ta seg av sonen til ho og Daevid Allen, og vart erstatta av Diane Stewart, som var kjærasten til Tait og ekskona til Graham Bond. Christian Tritsch flytta over til gitar og vart erstatta på bass av den tidlegare Magma-medlemmen Francis Moze, medan lydbiletet til bandet vart utvida med ein synthesizerspelar, Tim Blake.

I oktober vart dei ein av dei første artistane som fekk kontrakt med Richard Branson sitt Virgin Records, og seint i desember reiste dei til Virgin sitt Manor Studio i Oxfordshire i England, for å spele inn det tredje albumet sitt, Flying Teapot. Mot slutten av innspelinga fekk dei med seg den engelske gitaristen Steve Hillage, som dei hadde møtt nokre veker tidlegare i Frankrike då han spelte med Kevin Ayers, og som hadde erstatta Mike Oldfield i bandet til Ayers. Han kom for seint til å bidra mykje til albumet,[17] men vart etter kort tid ein viktig del av stilen til Gong.

Flying Teapot kom ut 25. mai 1973, og var den første delen av Radio Gnome Invisible-trilogien, som framstilte Gong-mytologien som Allen utvikla. Den andre delen, Angel's Egg, kom ut i desember, men no med den «klassiske» rytmeseksjonen med Mike Howlett på bass og Pierre Moerlen på trommer. Tidleg i 1974 slutta Moerlen for å arbeide med det franske samtidsmusikkensemblet Les Percussions de Strasbourg og Smyth slutta for å føde hennar og Allen sin andre son. Dei vart igjen erstatta av Rob Tait og Diane Stewart, og bandet flytta frå den franske basen sin i Pavillon du Hay til ein engelsk ein i Middlefield Farm, nær Witney i Oxfordshire.[18] Moerlen, og seinare Smyth, kom attende for å fullføre trilogien med albumet You, men då albumet kom ut, i oktober 1974, var Moerlen attende med Les Percussions de Strasbourg og Smyth hadde slått seg ned permanent i Deià med dei unge sønene. Før turneen for You, vitja Allen Smyth og sønene i Deià, medan resten av bandet, inkludert Moerlen, spelte in grunnspora for det første soloalbumet til Hillage, Fish Rising. Moerlen vart opphavleg erstatta i gong av ei rekkje folk (Chris Cutler, Laurie Allan og Bill Bruford) før den tidlegare Nice og Refugee-trommisen Brian Davison tok jobben tidleg i 1975.[19] Smyth var alt blitt erstatta av kjærasten til Hillage, Miquette Giraudy.[20]

I juni 1974 kom Camembert Electrique ut i Storbritannia på Virgin til ein pris på berre 59 pence, det ein typisk singel kosta på denne tida. Dette var eit marknadsføringstriks som dei før hadde nytta på Faust og kom til bruke igjen på eit reggaesamlealbum i 1976. Desse særs billige albuma selde i store mengder, men på grunn av den låge prisen, fekk dei ikkje tilgang til albumlistene. Håpet var at fansen ville bli oppfordra til å kjøpe dei andre albuma til gruppa til vanleg pris.

Daevid Allen sluttar og Shamal (1975–76)endre

Aukande krangling i bandet førte til at Tim Blake vart beden om å slutta i februar 1975 under øvingar for ein turné. Han vart ikkje erstatta. Så, på ein konsert i Cheltenham den 10. april, dagen før utgjevinga av Steve Hillage sitt Fish Rising, nekta Daevid Allen å gå på scenen og hevda at «eit kraftfelt» hindra han, og han slutta òg i bandet. Dei andre valde å halde fram utan han.[21]

I august vart Pierre Moerlen overtalt om å kome attende, og erstatta den ulukkelege og alkoholiserte Davison, og bandet hadde no òg Mireille Bauer på perkusjon, Jorge Pinchevsky på fiolin og Patrice Lemoine på synthesizer og, for første gongen i Gong, andre klaverinstrument. Dei turnerte i Storbritannia i november 1975 og eit konsertopptak kom ut som Live in Sherwood Forest '75 i 2005, og arbeidde på materiale for det neste albumet, Shamal. Hillage var i aukande grad ukomfortabel utan Allen, og vart no rekna som den eigentlege leiaren i bandet. Med ein blømande solokarriere, valde han og Giraudy å slutte før Shamal var ferdig, og deltok berre på plata som gjesteartistar. Howlett tok over som den mannlege vokalisten, og Sandy Colley, kjærasten til Lemoine og kokken i bandet, den kvinnelege. Albumet kom ut i februar 1976 og dei turnerte etter albumet fram til bandet fekk ei ny krise i mai, då Pinchevsky vart nekta innreise i Storbritannia fordi han hadde på seg marihuana. Den tidlegare King Crimson-fiolinisten David Cross vart prøvd ut som ein mogeleg erstatta, men før dei kom vidare med denne nye besetninga, delte bandet seg i to leirar: Howlet ønskte å halde fram som vokalist, men Moerlen og Bauer ønskte å berre spele instrumentalmusikk, medan Malherbe ikkje klarte å bestemme seg. Virgin Records-sjefen Simon Draper valde metoden til Moerlen og Howlett slutta, raskt etterfølgd av Lemoine og Colley.[20]

Pierre Moerlen's Gong og andre avleiingar (1976–80)endre

Av kontraktsårsaker var namnet Gong i drift dei neste to åra, men bandet var no i røynda Pierre Moerlen's Gong, og hadde lite å gjere med den psykedeliske spacerocken til Daevid Allen. Moerlen skipa ein ny perkusjonsbasert besetning med broren Benoit Moerlen, den framtidige Weather Report-perkusjonisten Mino Cinelu, gitaristen Allan Holdsworth og Flying Teapot-bassisten Francis Moze for å spele inn albumet Gazeuse! seint i 1976. Malherbe, Holdsworth, Moze og Cinelu slutta alle kort tid etterpå, men Moerlen heldt bandet gåande med den amerikanske bassisten Hansford Rowe fram til seint i 1980-åra. For å unngå forvirring vart det først kjend som Gong-Expresso og så, frå 1978, som Pierre Moerlen's Gong. Eit siste album, Pentanine, vart spelt inn i 2002 med russiske musikarar før Moerlen brått døydde i mai 2005, berre 53 år gammal.

Gong vart samla att i Paris i mai 1977 med mange av dei lause trådane som hadde utvikla seg og det vart igjen eit band leia av Daevid Allen. Resultatet vart ein konsert med bidrag av Tim Blake, Lady June, Strontium 90, Steve Hillage, 'Shamal Gong', Gong-Expresso, Daevid Allen og Euterpe, og høgdepunktet var Trilogy Gong, den klassiske besetninga med Allen, Smyth, Malherbe, Blake, Hillage, Giraudy, Howlett og Moerlen. Framføringa deira vart dokumentert på konsertalbumet Gong est Mort, Vive Gong. Strontium 90 var det kortvarige bandet til Mike Howlett, som var kjend for å ha to bassistar, og for å introdusere Police-medlemmane Sting og Stewart Copeland for den framtidige gitaristen deira, Andy Summers.[20]

Daevid Allen fortsette å utvikle Gong-mytologien på soloalbuma sine og med dei to nye banda: Planet Gong (1977), som bestod av Allen og Smyth som spelte med det britiske festivalbandet Here & Now og New York Gong (1979), som bestod av Allen og dei amerikanske musikarane som sidan skipa bandet Material. Samstundes skipa Gilli Smyth Mother Gong med den engelske gitaristen og produsenten Harry Williamson og Didier Malherbe, og spelte i Spania og England. Allen var særs nøgd med dei mange gruppene og rekna rolla si på den tida som ein opphavsmann som reiste verda rundt og etterlet seg aktive Gong-tilknytte band i kjølvatnet sitt.

Gongmaison og sameining (1989–92)endre

Etter å ha vore det meste av 80-talet i heimlandet Australia, drog Allen attende til Storbritannia i 1988 med eit nytt prosjekt, The Invisible Opera Company of Tibet, der nokre av medlemmane var fiolinisten Graham Clark og Gong-saksofonisten Didier Malherbe. Dette glei over til å bli Gongmaison i 1989, med Harry Williamson frå Mother Gong og ein techno-aktig stil med elektroniske rytmar, i tillegg til live perkusjon frå Shyamal Maïtra. I 1990 vart Gong-namnet henta fram for ein enkel TV-konsert med ei besetning som bestod av Allen, Smyth og Malherbe, i tillegg til den tidlege 70-tals trommeslagaren Pip Pyle og tre medlemmar frå Here & Now: Stephen Lewry (sologitar), Keith Bailey (bass) og Paul Noble (synth). I april 1992 vart Gongmaison Gong permanent med den kombinerte besetninga Allen, Malherbe, Bailey og Pyle, i tillegg til Graham Clark og Shyamal Maïtra frå Gongmaison. I lag spelte dei inn albumet Shapeshifter (sidan kalla Radio Gnome Invisible, Part 4) og turnerte mykje.[22]

25-årsjubileum (1994) og verdsturnear (1996–2001)endre

I 1994 feira Gong 25-årsjubileum me ein konsert i London der Gilli Smyth, bassisten Mike Howlett og sologitarist Stephen Lewry frå Here & Now deltok. Dette danna grunnlaget for bandet som turnerte verda over frå 1996 til 2001, med Pierre Moerlen i staden for Pip Pyle på trommer frå 1997 til 1999.[23] Albumet Zero to Infinity kom ut i 2000, speelt inn med besetninga Allen, Smyth, Malherbe og Howlett, i tillegg til dei nye Theo Travis på saksofon og Chris Taylor på trommer. Denne besetninga var unik i bandhistoria fordi dei hadde to saksofonistar/fløytistar.

Acid Mothers Gong (2003–04)endre

I 2003 vart det ei radikal endring i besetninga, inkludert Acid Mothers Temple-medlemmane Kawabata Makoto og Cotton Casino, i tillegg til University of Errors-gitaristen Josh Pollock. Sonen til Allen og Smyth, Orlando spelte trommer på studioalbumet Acid Motherhood i 2004, men på dei påfølgjande konsertane bestod rytmeseksjonen av Ruins-trommeslagaren Tatsuya Yoshida og Acid Mothers Temple-bassist Tsuyama Atsushi. Eit konsertalbum med denne besetninga i 2004 kom ut som Acid Mothers Gong Live Tokyo og dei spelte eit par konsertar til i 2006 og 2007.

Gong Family Unconventions (2004–2006)endre

Den europeiske versjonen av Gong hadde trekt seg attende frå fast turnéverksemd i 2001, men dei spelte konsertar no òg då, mellom anna på «Gong Family Unconventions» (Uncons), som for første gong vart halde i 2004 i Glastonbury Assembly Rooms med mange tidlegare medlemmar og Gong-tilknytte band, som Here & Now, House of Thandoy, Thom the Poet, Invisible Opera Company, Andy Bole, Bubbledub og Joie Hinton. Uncon i 2005 strekte seg over to dagar og igjen med Gong-tilknytte band som Here & Now, System 7, House of Thandoy og Kangaroo Moon. Den neste Uncon var over ter dagar i Melkweg i Amsterdam den 3–5. november 2006, der praktisk talt alle Gong-tilknytte band var til stades: Det «klassiske» Gong (Allen, Smyth, Malherbe, Blake, Howlett, Travis, Taylor, i tillegg til Steve Hillage og Miquette Giraudy), System 7, The Steve Hillage Band, Hadouk, Tim Blake og Jean-Philippe Rykiel, University of Errors, Here & Now, Mother Gong, Zorch, Eat Static, Sacred Geometry Band, Acid Mothers Gong og mange fleire. Konferansier på alle desse hendingane var Thom the Poet (no «Thom Moon 10»).[24]

Gong Global Family (2007)endre

I november 2007 heldt Daevid Allen ei rekkje konsertar i Brasil med eit nytt band han kalla Gong Global Family. Dette bestod av Allen på vokal og gitar, Josh Pollock på gitar, Fabio Golfetti (frå Violeta de Outono) på gitar, Gabriel Costa (òg frå Violeta de Outono) på bass, Marcelo Ringel på fløyte og tenorsaksofon, og Fred Barley på trommer. Han spelte òg med det andre bandet sitt, University of Errors (Allen, Pollock, Barley og Michael Clare). Desse konsertane fann stad i São Paulo den 21. og 22. november og São Carlos den 24. november. Konserten 21. november vart filma og gjeve ut i Storbritannia på DVD og CD av Voiceprint Records. Desse musikarane, utanom Marcelo, spelte òg inn nye songar i Mosh studio i São Paulo.

Nye plater og turnear (2008–2014)endre

I juni 2008 spelte Gong to konsertar i London, i Queen Elizabeth Hall på South Bank (og opna Massive Attack sin Meltdown-festival) og i The Forum, med ei besetning som bestod av Allen, Smyth, Hillage, Giraudy, Howlett, Taylor og Travis. Denne besetninga gav så ut eit nytt album, 2032, i 2009 og la ut på turné, inkludert Glade-scenen på Glastonburyfestivalen. Dei spelte på The Big Chill-festivalen i Storbritannia den 9. august 2009 med Allen, Smyth, Hillage, Giraudy, Travis, Taylor og den nye bassisten Dave Sturt, i tillegg til Beautiful Days-festivalen i Devon og Lounge on the Farm-festivalen nær Canterbury.

Gong spelte fire britiske konsertar i september 2010 med Allen, Smyth, Hillage, Giraudy, Sturt, Taylor og den nye blåseinstrumentalisten Ian East.

Gong turnerte Europa hausten 2012 med besetninga Allen, Smyth, Sturt og East, i tillegg til Orlando Allen (Acid Mothers Gong) på trommer, og Fabio Golfetti (Gong Global Family) på gitar.[25] Dette vart den siste turneen til Gilli Smyth med bandet.

Dei spelte i Brasil i mai 2013 og igjen i 2014, denne gongen med Kavus Torabi i tillegg på gitar.

2014-besetninga gav ut eit nytt studioalbum kalla I See You den 10. november, med Gilli Smyth som gjest.[26] Men Daevid Allen hadde no fått ein kreftsvulst i halsen og måtte gå gjennom strålingsbehandling etterfølgd av ein lang periode for å bli frisk att. I See You-turneen heldt fram utan han, og med besetninga Sturt, East, Golfetti, Torabi og ein «mystisk trommis» (som viste seg å vere Cheb Nettles) og dei spelte fem konsertar i Frankrike og to i Storbritannia.

Daevid Allen og Gilli Smyth døyr (2015–2016)endre

Den 16. november 2019 gav Daevid Allen ut ei melding om at han hadde fått kreft attende i halsen og at det hadde spreidd seg til lungene, og at han ikkje var «interessert i endelause kirurgiske operasjonar», og at han hadde «kring seks månader att å leve».[27][28] Berre nokre månader etter denne meldinga, 13. mars 2015, annonserte sonen til Daevid, Orlando, at Allen hadde døydd i Byron Bay i Australia, 77 år gammal.[29]

Den 11. april 2015 vart det avslørt at Allen hadde skrive ein epost til bandet før han døydde, der han uttrykte ønskje om at dei halde fram å spele inn musikk og at Kavus Torabi vart den nye frontmannen i bandet.[30]

Gilli Smyth døydde 22. august 2016, 83 år gammal. Ho hadde blitt lagt inn på sjukehus i Byron Bay med lungebetennelse nokre dagar tidlegare.[31]

Etter Daevid Allen: Rejoice! I'm Dead! (sidan 2016)endre

Den 5. juli 2016 vart det annonsert at besetninga i bandet no bestod av Kavus Torabi, Fabio Golfetti, Dave Sturt, Ian East og Cheb Nettles og at dei hadde spelt inn eit nytt album kalla Rejoice! I'm Dead!, med gjestene Steve Hillage på gitar, Didier Malherbeduduk og Graham Clark på fiolin, med Daevid Allen på vokal på to spor. Rejoice! I'm Dead! kom ut 16. september 2016 på Snapper Music.[6] I mai 2019 følgde denne besetninga opp med det femtande albumet sitt, The Universe Also Collapse.[32]

27. september 2019 kom plateboksen Love From The Planet Gong: The Virgin Years 1973-75 ut og dekte tida til Gong på Virgin Records. Denne vart sett saman av Hillage, og inneheld ommastringar av fire studioalbum og mange tidlegare konsertopptak som ikkje før var gjevne ut mellom 1973 og 1975.[33]

Medverkandeendre

Noverande medlemmar
  • Fabio Golfetti – sologitar (2007, sidan 2012)
  • Dave Sturt – bass (sidan 2009)
  • Ian East – saksofon, fløyte (sidan 2010)
  • Kavus Torabi – gitar, vokal (sidan 2014)
  • Cheb Nettles – trommer (sidan 2014)

Diskografiendre

Gongendre

* Vanlegvis rekna som ei overgangsalbum mellom Daevid Allen si utgåve av bandet og den Pierre Moerlen-leia besetninga seint i 1970-åra.

Planet Gongendre

  • Live Floating Anarchy 1977 (1978)

New York Gongendre

Gongmaisonendre

  • Gongmaison (1989)

Pierre Moerlen's Gongendre

  • Gazeuse! (Expresso i Nord-Amerika) (1976)
  • Expresso II (1978)
  • Downwind (1979)
  • Time is the Key (1979)
  • Leave It Open (1981)
  • Breakthrough (1986)
  • Second Wind (1988)
  • Pentanine (2004)
  • Tribute (2010)

Mother Gongendre

  • Fairy Tales (1979)
  • Mother Gong / Anthony Phillips – Battle Of The Birds (1981)
  • Robot Woman (1981)
  • Robot Woman 2 (1982)
  • Robot Woman 3 (1986)
  • Fish in the Sky (1988)
  • The Owl and the Tree (med Daevid Allen) (1989)
  • Wild Child (1991)
  • She Made the World Magenta (1993)
  • Eye (1994)
  • Tree in Fish (1994)

Gilli Smyth, Daevid Allen og Orlando Allenendre

  • I Am Your Egg (2005)

Konsertalbumendre

  • Haunted Chateau (1969)
  • Glastonbury Fayre (Gong bidrog til side ein på denne tredoble LP-plata) (1971)
  • Greasy Truckers Live at Dingwalls Dance Hall (bidrog til side ein) (1973)
  • Gong est Mort, Vive Gong (fransk konsertalbum) (1977)
  • Gong Live Etc (britisk konsertalbum) (1977)
  • Pierre Moerlen's Gong Live (Pierre Moerlen's Gong) (1980)
  • Live at Sheffield '74 (1990)
  • Live au Bataclan 1973 (1990)
  • Live Floating Anarchy 1991 (Planet Gong) (1992)
  • Live 1991 (Mother Gong) (1992)
  • Live on T.V. 1990 (1993)
  • 25th Birthday Party (1995)
  • Pre-Modernist Wireless: The Peel Sessions (1995)
  • Full Circle Live '88 (Pierre Moerlen's Gong) (1998)
  • Live 2 Infinitea (2000)
  • OK Friends (2002)
  • Glastonbury 1971 (2002)
  • Glastonbury '79–'81 (Mother Gong) (2005)
  • Live in Sherwood Forest '75 (2005)
  • Gong in the 70s (2006)
  • Acid Mothers Gong Live Tokyo (Acid Mothers Gong) (2006)
  • Mothergong O Amsterdam (Mother Gong) (2007)
  • Live in Brazil (2009)

Samlealbumendre

  • Wingful of Eyes (A Retrospective, '75-'78) (Virgin Records, 1986)
  • The Mystery and the History of the Planet Gong (1989)
  • The Best of Gong (Charly Records, 1995)
  • The Very Best of Gong (Charly, 1997)
  • Best of Mother Gong (1998)
  • The World of Daevid Allen and Gong (3 CD-samling med nesten alt av Radio Gnome Invisible-trilogien og tidlege albumspor) (2003)
  • The Very Best Of Gong (Charly, 2005)
  • Gong In The 70's (Voiceprint, 2006)
  • A Storm in a Teapot (Charly, 2013)
  • Radio Gnome Invisible Trilogy (plateboks) (Charly, 2015)

Andreendre

  • Obsolete (album av den franske songaren Dashiell Hedayat) (1971)
  • The Book of AM (produsert av Daevid Allen, med musikarar frå Mother Gong) (1978)

Filmarendre

  • 2015: Romantic Warriors III: Canterbury Tales (DVD)

Kjelderendre

  1. Hegarty, Paul; Halliwell, Martin (2011). Beyond and Before: Progressive Rock since the 1960-åra. Bloomsbury. s. 64. ISBN 9781441114808. 
  2. 2,0 2,1 David Ross Smith (20. november 2007). «Camembert Électrique - Gong | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 16. november 2019. 
  3. Muggs, Joe (25. august 2016). «The silliness ran deep in Gong, but they could groove like mothers, too». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 16. november 2019. 
  4. Lucky, Jerry. Progressive Rock. Burlington, Ontario: Collector's Guide Publishing, Inc., 2000. p.61
  5. «Allmusic (((Magick Brother > Overview )))». Allmusic. Henta 16. november 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Madfish». www.burningshed.com. Henta 9. august 2016. 
  7. Allen, Daevid. Gong Dreaming 1. SAF Publishing, 2007, p.64.
  8. Allen, Daevid. Gong Dreaming 1. SAF Publishing, 2007, p.76.
  9. «planet gong bazaar». planetgong.co.uk. Arkivert frå originalen 20. februar 2012. Henta 16. november 2019. 
  10. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.13.
  11. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, s. 31.
  12. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.34.
  13. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, s. 52, 67, 291.
  14. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.110-115.
  15. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.116.
  16. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.124-141.
  17. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.188.
  18. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.291.
  19. See in the gigs section of Planet Gong's website
  20. 20,0 20,1 20,2 «Calyx, The Canterbury Music Website: Gong Chronology». 2014. Henta 16. november 2019. 
  21. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.413.
  22. «Shapeshifter Gong - Daevid Allen (chant, guitare), Didier Malherbe (saksofons, flûtes, chant), Keith Bailey (basse), Pip Pyle (batterie), Shyamal Maïtra (perkusjons, tablas), Graham Clark (guitare, violon). Concert enregistré le 1er mai 1992. - À l'écoute des Archives départementales de Saône-et-Loire». Audio.archives71.fr. Henta 16. november 2019. 
  23. «Pierre Moerlen – 1952–2005». planetgong.co.uk. 2014. Arkivert frå originalen 3. mai 2015. Henta 16. november 2019. 
  24. «Thom the Poet (now Thom Moon 10)». www.worldpoetry.org. 5. september – 15. oktober 2011. Henta 16. november 2019. 
  25. «Current News». Planet Gong. Henta 16. november 2019. 
  26. «I See You (CD)». Gong Official website. November 2014. Henta 16. november 2019. 
  27. «Gong founder Daevid Allen has six months to live». the Guardian. Henta 16. november 2019. 
  28. «planet gong news :  : Current News». planetgong.co.uk. Henta 16. november 2019. 
  29. «Gong founder Daevid Allen has død, aged 77». The Guardian. Theguardian.com. 13. mars 2015. Henta 16. november 2019. 
  30. «Daevid Allen's Farewell Message To Gong». uDiscover. Henta 16. november 2019. 
  31. «Gilli Smyth 1933-2016». Planet Gong. Henta 23. august 2016. 
  32. Blum, Jordan (20. mai 2019). «Gong Continue Their Stellar Revitalized Streak on 'The Universe Also Collapses'». PopMatters. Henta 8. august 2019. 
  33. Sexton, Paul (7. august 2019). «Psychedelic Trailblazers Send ‘Love From Planet Gong’ On New Box Set». uDiscoverMusic. Henta 8. august 2019. [daud lenkje]

Litteraturendre

Bakgrunnsstoffendre

Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Gong