Biologi
Biologi er læra om organismar og den levande naturen. Det er ein empirisk naturvitskap som undersøker struktur, funksjon, vekst, opphav, evolusjon og utbreiing av liv i no- og fortid. Ein biolog er ein som jobbar med faget biologi.
Historieendre
Allereie Aristoteles organiserte kunnskap om dyr, plantar og leveviset deira. Teoriane hans heldt seg ganske uendra i fleire hundre år.
Eit viktig neste steg var å finna ut at biologiske vesen var bygde opp av celler. Desse kunne ein først studera på 1600-talet med oppfinninga av mikroskop, men det var først i 1839 atTheodor Schwann og Matthias Jakob Schleiden utvikla celleteorien som sa at celler er grunnsteinen til alt biologisk liv.
På 1800-talet utvikla Darwin utviklingslæra, om korleis ulike organismar har utvikla seg frå ein felles stamart tilpassa miljøet dei lever i.
Oppdaginga av DNA på 1900-talet førte til eit nytt kvantesprang for biologien. Ho gjorde at ein kunne forstå og påverka arv og utvikling mykje betre.
Kjende biologarendre
Mangfaldet av biologiendre
- Animalia - Bos primigenius taurus
- Planta - Triticum
- Fungi - Morchella esculenta
- Stramenopila/Chromista - Fucus serratus
- Bacteria - Gemmatimonas aurantiaca (- = 1 Micrometer)
- Archaea - Halobacteria
- Virus - Gamma phage