Abraham Lincoln

Abraham Lincoln (12. februar 180915. april 1865) var president i USA frå 1861 til 1865, den 16. i presidentrekkja. Lincoln er mest kjend for å ha avskaffa slaveriet etter ein omfattande borgarkrig. I sluttfasen av borgarkrigen vart Lincoln drepen av skodespelaren John Wilkes Booth. Han vart skoten i hovudet under ei framsyning av skodespelet Our American Cousin («Det amerikanske syskenbarnet vårt») på Fordteateret i Washington, D.C.

Abraham Lincoln

President i USA
Periode4. mars 186115. april 1865
PartiDet republikanske partiet i USA, Whig Party, National Union Party
Fødd12. februar 1809 i Hardin County i Kentucky
FødestadHodgenville, Sinking Spring Farm
Død15. april 1865 i Washington, D.C.
DødsstadWashington, Petersen House
MorNancy Lincoln
FarThomas Lincoln
EktefelleMary Todd Lincoln
BarnRobert, Edward, William og Thomas («Tad»)
FøregangarJames Buchanan
EtterfølgjarAndrew Johnson

Lincoln sitt leiarskap har fått mykje av æra for at USA framleis er ein nasjon etter at 11 statar i sør braut ut av Unionen og forma Amerikas Konfødererte Statar i 1861. I 1863 utstedte han Frigjeringserkleringa som frigjorde slavane i dei områda som Unionen erobra frå Konføderasjonen. Han var òg ein av dei fremste forkjemparane for det 13. tillegget til den amerikanske grunnlova som forbaud slaveri i heile landet.

Lincoln har i ettertid fått mykje skryt for leiareigenskapane sine. Historikarar trekk spesielt fram tilsettinga av Ulysses S. Grant og andre toppgeneralar, som førte til at Borgarkrigen vart snudd i Unionens favør. Lincoln har fått mykje av æra for at USA gjekk attende til dei grunnleggjande prinsippa som vart formulerte i den amerikanske sjølvstendefråsegna. Lincoln var ein flink folketalar, og tala han heldt på slagmarka i Gettysburg nokre månader etter det kjende slaget der vert framleis rekna for å vere ei av dei viktigaste talene i amerikansk historie.

Opp gjennom åra har det vore fleire store spørjeundersøkingar i USA om kven som var den beste presidenten gjennom historia. Lincoln har i alle dei store undersøkingane vorte rangert mellom 1 og 3. Franklin D. Roosevelt er den einaste i tillegg til Lincoln som berre vert rangert på desse plassane. Lincoln er den presidenten som har vorte rangert høgast i gjennomsnitt i undersøkingane.

Tidleg karriereendre

Den politiske karrieren til Abraham Lincoln byrja i 1832 då han var kandidat til delstatsforsamlinga i Illinois for Whigpartiet i valkrinsen Sangamon County. Kampsaka hans då var å få gjort det mogleg for større båtar å trafikkere Sangamon-elva. Kampanjen førte ikkje fram, og Lincoln vart ikkje vald. Lincoln lét seg heller verve som kaptein i styrkane som kjempa mot indianarane om kontrollen av det området som i dag er delstaten Wisconsin. Lincoln sitt kompani vart aldri involvert i kampar. Etter seks månaders teneste flytta Lincoln til New Salem der han opna butikk. Han selde mellom anna te, kaffi, sukker, salt, hattar og whisky.

I 1834 stilte Lincoln igjen til val og vart vald inn i Representantanes Hus i delstatsforsamlinga i Illinois. Same året byrja Lincoln å studere juss på eiga hand, og fekk i 1837 løyve til å praktisere som advokat i det amerikanske rettssystemet. Lincoln flytta då til delstatshovudstaden Springfield og starta eigen praksis saman med John T. Stuart. Han fekk fort eit godt rykte som advokat i delstatshovudstaden. Lincoln sat fire samanhengande periodar i Representantenes Hus i Illionis og vart sett på som ein av dei leiande Whig-politikarane i delstaten.

I 1844 starta Lincoln på nytt eigen advokatpraksis. Denne gongen saman med partifellen William Herndon. Begge to vart seinare sentrale i skipinga av Det republikanske partiet. Herndon er i ettertid mest kjend for den omfattande biografien han skreiv om Lincoln etter at Lincoln hadde vorte drepen.

Rikspolitikarendre

I 1846 entra Lincoln rikspolitikken for fyrste gong då han vart innvald i Representantenes hus i den amerikanske Kongressen. Som fersk kongressrepresentant hadde ikkje Lincoln særleg innverknad. Han nytta stort sett posisjonen til å motarbeide den pågåande krigen mot Mexico. I nominasjonen til presidentvalet i 1848 støtta Lincoln Zachary Taylor sitt kandidatur. Taylor vart nominert og vald. Lincoln sin periode i Kongressen var likevel over då Taylor vart innsett som president. Lincoln vart tilbydd stillinga som guvernør over Oregon-området på vestkysten. Lincoln takka nei ettersom dette ville setje ein effektiv stoppar for hans lovande advokatkarriere i Illinois, som var ein av USAs snøggast veksande delstatar.

Lincoln var tilhengar av å innføre avgrensingar for kor lenge kongressrepresentantar kunne sitje, men framlegget har aldri nådd fram. Etter å ha avtent ein periode i Kongressen drog han attende til Springfield og tok til som advokat igjen. Lincoln hadde neppe vorte attvald, då krigen mot Mexico hadde stor oppslutnad i Illinois. Lincoln hadde på dette tidspunktet ingen planar om å returnere til rikspolitikken. I 1854 vedtok Kongressen The Kansas-Nebraska Act. Denne lova omhandla vilkåra for at Kansaas og Nebraska skulle innlemmast i Unionen. I spørsmålet om slaveri vedtok kongressen at delstatane sjølve skulle få avgjere om dei ville ha slaveri eller ikkje. Illionissenatoren Stephen Douglas var hovudmannen bak lova. Dette vedtaket førte til at Lincolns parti, Whigpartiet, gjekk i oppløysing og mesteparten av medlemmane i partiet gjekk saman med Free Soil-partiet og mange demokratar som var motstandarar av slaveri og danna Det republikanske partiet.

I forkant av senatsvalet same år vart Lincoln sett på som ein opplagd kandidat for partiet, men Lincoln stod av og lét setet gå til den tidlegare demokratiske politikaren Lyman Trumbull. Grunngjevinga for dette var at mange i det republikanske partiet meinte at medlemar av det tidlegare Whigpartiet fekk for mange dominerande verv, og at nominasjonen av ein demokrat ville vere med på å balansere dette.

Ved senatsvalet i 1858 var det demokraten Stephen Douglas sin plass som var på val, og Lincoln vart nominert som den republikanske kandidaten. I denne valkampen møttest dei to kandidatane til debatt sju gongar, i det som vart kjent som Lincoln-Douglas-debattane, og spørsmålet som slaveri var den dominerande saka. Debattane fekk mykje merksemd nasjonalt, og Lincoln vart no ein rikskjendis. Lincoln meinte slaveriet var umoralsk og i strid med verdiane i uavhengigheitsfråsegna. Douglas meinte på si side at Lincoln sitt standpunkt var udemokratisk og meinte at delstatane sjølve måtte få avgjere om slaveri skulle vere lovleg. På denne tida var det delstatsforsamlingane som utpeika senatorane, og Lincoln tapte med knapp margin.

President og borgarkrigendre

Etter Lincoln-Douglas-debattane fekk Lincoln ei høg stjerne i det republikanske partiet, som enda med at han i 1860 vart nominert som presidentkandidaten deira. Sitjande president James Buchanan hadde sagt frå seg attval, og det demokratane var sterkt ueinige i synet på kven som burde vere arvtakaren hans fordi partiet var splitta i synet på slaveri. Det enda med at dei stilte med to motkandidatar til Lincoln, Stephen Douglas frå Illinois og John Cabell Breckenridge frå Kentucky. Dette splitta dei demokratiske velgarane, og Lincoln vann ein klar siger.

I løpet av vinteren 1860/61 vart det klart at det gjekk mot ein borgarkrig. Fleire statar i sør hadde gjort det klart at dei ville bryte ut av Unionen om Lincoln vart vald, og før Lincoln vart innsett som president den 4. mars 1861 hadde sju statar brote med unionen og danna Sørstatskonføderasjonen. Sitjande president Buchanan si regjering var dominert av konservative demokratiske nasjonalistar som meinte at Unionen måtte bergast, uansett kostnad. Dette synet adopterte Lincoln. Lincoln var tilhengar av at presidentembetet skulle utøvast slik som tidlegare presidentar frå Whigpartiet hadde utøva det. Det vil seie at grunnlova måtte følgjast nøye, og han ville difor ikkje starte noko krig om ikkje Konføderesjonen angreip fyrst, noko som dei gjorde den 12. april 1861 med angrepet på Fort Sumter i Sør-Carolina.

Etter dette angrepet valde fire nye statar å bryte med unionen og slutte seg til Sørstatskonføderasjonen fordi dei ikkje aksepterte at føderale styresmakter nytta deira område for å invadere konføderasjonen. Dette førte til at Lincoln måtte forhandle med dei andre statane i Unionen som framleis tillet slaveri, der han gjekk med på å ikkje rokke ved prinsippet om lokalt sjølvstyre so lenge dei heldt seg i Unionen. Etter at kampane byrja gjorde mange plantasjeeigarar som eigde slavar opprør mot styresmaktene i statane for å få dei til å gå over til Sørstatskonføderasjonen . Føderale styresmakter slo ned på opprøret og fengsla til saman 18 000 opprørarar som vart haldne i fengsel i eit par månader.

I september 1862 vann unionsstyrkar ein strategisk viktig siger i slaget ved Antietam. Denne sigeren, saman med det svekka opprøret i grensestatane som trua med å gå ut av Unionen gav Lincoln sjølvtillit til å signere Frigjeringserklæringa, som han erlærte den 22. september. Dette var ei erklæring som sa at slavane i dei områda som Unionen erobra frå Konføderasjonen skulle settast fri. Erklæringa tok til å gjelde frå og med 1. januar 1863, og ein reknar med at til saman tre millionar slavar vart sette fri etter kvart som Unionen underla seg stadig nye område i sør. I 1862 signerte også Lincoln Homestead Act, ei lov vedteken av Kongressen som sa at folk som slo seg ned i Vesten fekk inntil 65 hektar urørt jord dersom dei oppfylte visse krav, mellom anna at dei bearbeida jorda og dreiv henne i minst fem år.

Etter kvart vart det klarare og klarare at Unionen ville gå sigrande ut av borgarkrigen. I november 1863 heldt Lincoln ei tale på slagmarka i Gettysburg der han framførte ei av dei viktigaste talene i amerikansk historie, den sokalla Gettysburg-tala.